Ikkje berre forbod, men hjelp til å skjøna kvifor

Tanken om at alle må veksa opp i fridom til å prøva alt, for sjølv å finna ut kva som er rett for dei, er eit svik mot barna og eit trugsmål mot samfunnet.

Idéen om at det som kjennest godt for deg, er det rette for deg, står i rak motsetnad til bodet om å læra den unge den vegen han skal gå, slik at han ikkje vik frå vegen når han vert gamal.

Ikkje berre forbod - sitatbilde

Likevel er ikkje det å fortelja den unge om den vegen han skal gå, det same som å læra han den vegen han skal gå. Det er lettare for mange foreldre å gje bod og forbod, enn å hjelpa dei unge inn i ei forståing som hjelper dei til å høyra og å velja rett.

Kong David, hadde ein son som heitte Adonja. Han hadde store tankar om seg sjølv. David hadde aldri snakka han til rettes, men han hadde heller aldri sett seg ned med han og spurt kvifor han bar seg åt som han gjorde (1 Kong 1,6). Faren gjorde med andre ord ingenting for å hjelpa den unge Adonja til å sjå og til å forstå kvifor livsførselen hans gjekk i gal retning og kva konsekvens det ville koma til å få for han sjølv på sikt. Om han hadde gjort det han kunne, ville ikkje det vore ein hundre prosent garanti for det motsette, men han gjorde ingenting. Det førte til at Adonja øydela sitt eige liv og var til stor skade for mange andre, ikkje minst far sin.

Vi har å gjera med levande individ som før eller seinare tek sine eigne val.

Som far, er det mitt ansvar å vita noko om kva som er best for mine barn og syta for at dette skjer så langt det står til meg. Men eg må også hjelpa dei til å forstå kvifor. Det er mange nøklar til å få dette til, men det er også slik at ein kan gjera alt rett og likevel ikkje oppnå det resultatet ein hadde håpa på. Vi har å gjera med levande individ som før eller seinare tek sine eigne val. Det er vel difor vi må læra dei kva som er rett å velgja og forstå kvifor det er rett, i håp om at dei vil ta rette, gode og sunne val, når dei seinare i livet skal ta dei på eiga hand.

Frå Guds side er vi likevel benåda foreldre, som ikkje må gje opp.

Frå Guds side er vi likevel benåda foreldre, som ikkje må gje opp. Ingen skal koma å seia at det å oppdra barn er enkelt, men Gud som sjølv er far for alt som heiter far og barn i himmel og på jord, gir oss nåde til det, sidan vi er foreldre. Det nåden må vi gripa tak i.

Store delar av Salomos Ordtak teiknar eit bilete av ein far, som på vegne av seg sjølv og ei mor, deler hjarta sitt med ein son. Vi ser fort at det ikkje berre er grensesetjing han er oppteken av. Han vil ikkje berre gje formaning, men kunnskap til å forstå visdom og formaning. Han vil ikkje berre formidla kloke ord, men hjelp til å forstå kvifor det er klokt å følgja dei. Det er viktig for han at den unge ikkje berre skal høyra formaninga, men velja å ta imot henne, fordi ho gir innsikt om ærlegdom, rettferd og rett (Ord 1,2-3). Og ein viktig grunnvoll som skal bera dette byggjande fellesskapet mellom foreldre og barn, er sunn gudsfrykt.

Foreldre, vekk ikkje sinne og trass hos barna, men gjev dei omsorg, så dei får ei oppseding og rettleiing som er etter Herrens vilje. (Ef 6,4)

(Teksten er et utdrag av artikkelen “Ta barna på alvor” som ble publisert i FOLK 2-2013.)

Norleif Askeland

Norleif Askeland er gift med Bente, og bor på Sotra. De har tre voksne barn. Norleif underviser ved Bergen Bibelskole, og har tidligere både vært bonde, tømmerhogger og saueklipper. En gang satt Norleif noe ubekvem på VIP-tribunen på et moteshow, og ba til Gud om å ikke bli fanget av kameralinsene.

0 Kommentarer

Send En Kommentar

Relaterte innlegg

Islam og kristen tro: Om Gud og treenigheten

Islam og kristen tro: Om Gud og treenigheten

Islam er den nest største religionen i verden i dag. Det er mange likheter mellom troen til muslimer og kristne. Begge er monoteistiske religioner og begge har en hellig skrift. Men det er forskjeller mellom de to som er viktige å vite noe om. Tidligere har mennesker fra andre religioner vært en ting langt borte, men nå møter vi dem på butikken og i nabolaget. Dette er andre artikkel i serien, hvor vi ser nærmere på hvem Gud er innenfor islam, og på treenigheten.

Når hjerteholdningen vår blir testet

Når hjerteholdningen vår blir testet

Å holde fast på troen gjennom et langt liv er ingen selvfølge. Alle som lever med Gud, erfarer på ulike måter at troen prøves. Og en ting som går igjen blant mange, tror jeg, er at livet ofte ikke blir helt sånn vi hadde tenkt. Hva gjør vi da? Og hva sier Guds ord om dette?